Innlegg

Viser innlegg fra august, 2018

Første tida i Tyrkia

Bilde
Eg har stjelt meg et øyeblikk no når Hakan er ute med Aslan en tur. Ser det at så lenge Aslan ikkje går i barnehage så har ikkje skriving her blitt så høgt prioritert! Dagane går for det meste med på å få tida til å gå uten at Aslan skal kjede seg for mykje, og det tar ganske mykje tid!  Eg forsøker å finne i alle fall 1 aktivitet kvar dag som Aslan kan like, det være å gå på ein av dei innendørs leikeplassane, bade i bassenget på balkongen, bake eller lage noko på kjøkkenet, eller å bade i dusjkabinettet.  I tillegg forsøker eg å få til en tur ut kvar dag for å lufte både oss og Çilek.  Da har gjerne Aslan en av syklane sine, eller bilen, med og så er det kjekkest dersom det er nokre andre ungar å leike med ute mellom blokkene. No er vi begynt å bli kjent med naboungene så da er det triveligere at dei er ute også, så kan Aslan ha sykkel-løp med dei som er litt større, eller leike på leikeplassen. Çilek er populær! Nesten så populær at ho helst ikkje ville gå ut i starten!  No er ho og