Første tida i Tyrkia

Eg har stjelt meg et øyeblikk no når Hakan er ute med Aslan en tur.

Ser det at så lenge Aslan ikkje går i barnehage så har ikkje skriving her blitt så høgt prioritert!
Dagane går for det meste med på å få tida til å gå uten at Aslan skal kjede seg for mykje, og det tar ganske mykje tid! 
Eg forsøker å finne i alle fall 1 aktivitet kvar dag som Aslan kan like, det være å gå på ein av dei innendørs leikeplassane, bade i bassenget på balkongen, bake eller lage noko på kjøkkenet, eller å bade i dusjkabinettet. 
I tillegg forsøker eg å få til en tur ut kvar dag for å lufte både oss og Çilek. 
Da har gjerne Aslan en av syklane sine, eller bilen, med og så er det kjekkest dersom det er nokre andre ungar å leike med ute mellom blokkene.
No er vi begynt å bli kjent med naboungene så da er det triveligere at dei er ute også, så kan Aslan ha sykkel-løp med dei som er litt større, eller leike på leikeplassen.

Çilek er populær! Nesten så populær at ho helst ikkje ville gå ut i starten! 
No er ho også begynt å venne seg til oppstyret, og er blitt kjent med nokre av naboene, så da går det bedre.
Litt morsomt er det å gå tur i nabolaget, både med og uten Çilek, for ho er blitt kjendis og ungane i heile nabolaget veit kem både vi og ho er. Dei roper på ho når dei ser ho, eller spør etter ho dersom ho ikkje er med.
Svigerfar, som ofte er den som går tur med ho, forteller at han opplever at ungane fleire gater bortafor veit kva ho heiter! 

Hakan jobber lange dager! Siden vi fremdeles er i oppstartsfase er det mykje som må gjerast på gården. Akkurat no held dei på å gjere klart for egg-produksjon som vi skal starte opp i oktober. 
Bygningen der hønene skal vere har blitt desinfisert og vaska og malt, og skal desinfiseres igjen før hønene flytter inn.
Stort sett reiser han på jobb i 8-9 tida på morgonen og kjem att i 18-19 tida på kvelden.

Det positive med å drive gård er jo at han kan komme og gå litt dersom det trengs, så er det noko vi skal midt på dagen så kjem han heim en tur. Og innimellom tar han Aslan med på gården eller i butikken ei stund, så får eg et lite friminutt.

Planen framover i høst er at Aslan skal begynne i barnehagen den 10. september, og så skal eg etterkvart jobbe nokre dagar for veka med å merke og pakke egg for salg.
Trur det blir bra både for meg og Aslan å ikkje gå heime kvar dag. Aslan virker i alle fall veldig klar for barnehage! Vi har vore på besøk der 2 ganger og kikka og han vil nesten ikkje gå derfra! 
Den første uka skal vi begynne forsiktig med litt lengre tidsrom for kvar dag og eg skal vere med. Forhåpentligvis lærer han språket fort! Han kan nokre få ord som han er flink å øve på.

I desember tar eg og Aslan en tur heimover for å feire jul! Eg gleder meg for akkurat no kjenner eg at eg savner alt heime....særlig leiligheten som vi solgte i vår...💔




























Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Fra Norge til Tyrkia

Snart jul...

Lørdag 5. august