Barnehagestart!

Innkøyringsveka er over, men vi starter forsiktig. Ingen grunn til å køyre på så lenge eg ikkje jobbar.
Aslan er herved barnehagegutt, endelig!

Dette har vi venta på lenge, men av forskjellige grunnar så har det tatt litt tid å komme i gang med barnehage for Aslan. 
Det er lenge sidan eg og ei nabodame var og kikka på 2 barnehager som ho visste var populære. Den eine fekk vi begge eit veldig godt inntrykk av, den andre ikkje så mykje.
 
Så gjekk det nokre månader, men endelig fekk vi ordna plass i den barnehagen som både eg og nabodama, og Hakan når han var innom for nokre veker sidan og vi skreiv kontrakt, likte godt.
10. september var oppstarten og vi var i barnehagen ca 1 time alle 3; eg, Aslan og Hakan. Vi fekk møte ho som blir Aslan sin lærer, og fekk kikke litt rundt og Aslan fekk leike. Han var storfornøyd og har ikkje villa gå heim nokon av dagane han har vore der!

Barnehagen høyrer til ein organisasjon som har barnehagar over heile Tyrkia. Dei har eit godt rykte og prøver nok å holde på det. Vi er i alle fall foreløpig kjempefornøyde!
Læraren til Aslan har vore saman med han kvar dag dei timane han har vore der. Vi auka litt frå dag til dag. Dei første dagane var eg samen med dei, men dei 2 siste dagane sat eg på kontoret medan Aslan var med læraren. Han kom innom meg nokre gange, men var ellers svært opptatt!
I går var første dagen eg gjekk i fra. Da reiste eg eit lite stykke og sat på en kafé eit par timar før eg kom att. Aslan hadde ikkje savna meg, han var fryktelig opptatt, men også glad for eg kom tilbake. «Mamma kom fort tilbake» sa han, og det tyda jo på at tida hadde fløge ;)

I dag reiste eg heim en tur medan Aslan var i barnehagen aleine. Han hadde så vidt tid å sei Hadet når eg gjekk! Han var så opptatt med papir og glitter ;)
Da eg kom tilbake etter ca 2,5 timer møtte eg en søvnig gutt i gangen som hadde lyst å gå heim. Han sovna i bilen på vei heim. Han hadde hatt ei fin stund i barnehagen for det siste han sa før vi gjekk derifra var «Eg likar barnehagen» og så snufsa han litt fordi vi skulle gå.

Barnehage i Tyrkia er annerledes enn det vi er vant til fra Norge. Det er meir lagt opp som en skule, med klassar og fag på timeplanen.
Aslan skal ha både engelskundervisning, gymnastikk, musikk og forming, og på oversikten vi fekk da vi skreiv kontrakta sto det mange fleir fag. Klassene er delt inn etter alder, på Aslan si gruppe er ungane fra ca 3,5-4,5 år. Det er maks 15 ungar i ei gruppe, og dei har ein lærar og ein assistent.

Læraren til Aslan er ei ung dame som heiter Yağmur. Navnet hennar betyr «regn» på norsk :)
Ho er utdanna ala førskulelærar og er i følge styraren i barnehagen veldig flink med ungane. Det trur eg stemmer godt for Aslan og ho er allerede bestevenner, det tok ikkje lange stunda! 

Foreløpig har ikkje Aslan villa vere særleg mykje saman med resten av barnegruppa, så når han kjem overtar assistenten dei andre ungane og læraren er saman med Aslan. Han får bestemme til ei viss grad kva dei skal gjere, men ho forsøker forsiktig å integrere han i gruppa litt etter litt. I dag var han sammen med gruppa si ca 30 minutter før han ville gå.
Det blir nok betre når han lærer litt språk så han kan kommunisere betre.

Det er ca 80 ungar i barnehagen fra 2,5 år og opp til skolealder, som er 6 år.
Den største forskjellen eg har sett hittil er at dei har mindre fri-leik og meir stillesitting, i tillegg til at lydnivået er fryktelig høgt! Og det er ikkje berre ungane som lagar lyd! Dei voksne kommuniserar ved å rope både til ungane og kvarandre, så det kan nok bli litt slitsomt for ørene! Regner med det er en tilvenningssak...

Barnehagen har eget kjøkken der all mat lages fra bunnen! Dei serverer 3 måltider for dagen: frokost, «lunsj» og ettermiddagsmat, i tillegg til et lite mellommåltid med småkaker og te.
Vi har stort sett vore der når småkakene blir laga, og da lukter det nybakt i heile barnehagen!
Veldig hyggelige kjøkkenpersonale, som i tillegg til å lage mat til ungane, rydder og vasker kjøkken og spiserom også serverer kaffe/te/drikke til «gjester» som meg ;)

Prisane for barnehageplass varierar en del har eg skjønt. Private barnehager, som denne, er generelt dyre. Pris på full plass i vår barnehage er berre litt mindre enn vi betalte for full plass i Førde. Aslan går foreløpig halv plass. Han skal gå kvar dag, men korte dagar.
Naboen si datter går i kommunal barnehage der dei har mat med sjølve, og ho betaler vesentlig mykje mindre! 

Barnehagen vår har egen hund! Han heiter Sesar og er en snill, muligens litt eldre, type som labber rundt i hagen. I tillegg har dei høns i en hønsegård, frukt-tre i hagen, og grønnsakshage bak huset.




























Kommentarer

  1. Hei! Vil bare si at det er kjempefint å lese bloggen din, spennende å høre om overgangen til nytt land og tilvenning der. Håper du fortsetter og oppdatere! Klem fra Earane

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Snart jul...

Fra Norge til Tyrkia

Lørdag 5. august