Aslan sin siste dag i barnehagen
I dag var det Aslan sin siste dag i barnehagen. Trur nok ikkje han skjønte heilt kva det innebar, men det fulgte i alle fall med masse klemmer og lykkeønskninger, både til oss og til han....sikkert mest til han ;) Eg henta ein fornøyd og blid gutt i ettermiddag som ikkje hadde tid å bli med heim, som vanlig. Aslan har stortrivdes i barnehagen desse 2 åra, og det blir trist å ikkje skulle opp dit meir for levering og henting og hyggelige tilstelninger. Vi har storkost oss i barnehagen alle 3 trur eg, både Aslan, Hakan og eg! Eg har fleire gangar lurt på om dei som jobber på avdelinga tenker på meg som ho mora som aldri går igjen for både henting og levering drøyer ofte ut, og eg har syntes det er så trivelig å få hjelpe Aslan med utekleda dersom han skal ut når vi kjem om morgonen, eller når han vil vise meg leikene han leiker med når vi er på vei heim på ettermiddagen. Og hente Aslan tidlig i barnehagen fann vi fort ut ikkje var nokon vits i for då er han på langt nær klar til å bli